Klokka er 18.15, temperaturen er + 18 grader C, det er overskya, men opplett. For ei lita stund sidan var sola framme så vidt, og då var tempen oppe i + 20 grader. Føremiddagen i dag gikk med til diverse matlaging. Eg laga fiskebollar av noko av fisken Nils fekk på onsdag, så laga eg ei rabarbrakake og så gjorde eg klar middag for gjestane, Margrete og ungane. Menyen i dag var steikt kveite med rårivne gulrøter, remulade og poteter. Desserten var lun rabarbrakake med heimelaga vaniljeis. Hadde også fiskebollar i kvit saus i tilfelle ungane ikkje likte kveite. Men det gjorde dei ! Angra på at eg ikkje hadde steikt meir, for då Lars uventa stakk innom litt seinare, var der ikkje flisa igjen. Men vi har meir i frysaren!
Det har vore ein annan temperatur i dag enn det vi har vore vant til i det siste, vakna nærmast halvkokt under dyna i dag tidlig. Gjev det måtte vare!
Sundag skal vi til Hareid og feire diverse fødselsdagar, der ute er det tre bursdagsbarn i juni+ Solveig 3.juli.Så blir det ei pause.
2 kommentarer:
Hare lese om kveitemiddagen på Ariel sin blogg og det var visst full klaff. Kjekt i dag med bra ver og temperatur, men vi er litt plaga med Osgjølvind når det er synna. Svein plagast litt med hoste, så vi roar ned og held oss heime.
God helg!
God helg til dokke også. I morgon skal vi til Hareid og feire Olaug sin bursdag-blant andre.
Legg inn en kommentar