Klokka er ca 15.00. Temperaturen er + 14 grader C, og det har regna i heile dag. Ser ut som om det kan lysne litt mot kveld, men framleis er det "Nacht und Nebel". Og dagane går, og vekene går og sommaren blir kort, det meste regnar bort ...og i det heile tatt. Ikkje er det råd å gjere noko ute, og ikkje har eg lyst å gjere meir enn høgst nødvendig inne. Ei trøst kan det vere for dei som jobbar: Vi har i alle fall ikkje "brukt opp" fineveret før ferien. Tenkjer tilbake på strålande og varme sommardagar då eg måtte vere inne i klasserommet-ikkje kjekt det heller.
I dag har eg gjort fint lite før middag, anna enn å strikke litt og høyre lydbok. Til middag hadde vi lett kost; heimelaga fiskebollar i kvit saus, sidan vi hadde kjøt i går. Her går det i 4-5 fiskerelaterte middagar i veka, så vi kan no unne oss eit restaurantbesøk innimellom?
No blir det ei lita pause før den obligatoriske kaffikoppen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar