mandag, juni 13, 2011

Vermelding 13.juni - 2011

 Klokka er 16.15, og endelig ser det ut til at sola skal bryte skikkelig igjennom, og gi oss litt varme før dagen er slutt. Temperaturen er ca +19 grader C, men det er ikkje nok for ein frostpinn som meg. Har ikkje vore ute for ei dør i dag, men no må eg sjå til å lede på meg.Veit ikkje kvar tida fer av, men dagane er aldri lange. 
I dag laga eg Taco til middag. Brukte det heimelaga krydderet som eg fekk med Solveig. To toppa teskeier til ein pk. kjøttdeig. Tykte det var noko som mangla på smaken , så eg hadde i litt tomatpuré, då kom det seg. Hadde litt løk og kvitløk i som steikte i lag med kjøttdeigen. Vi brukar alltid HOT saus attåt, det gjorde vi i dag også.  Det vart veldig godt til slutt. Vi brukar "lefser" av sammalt mjøl, då blir det litt sunnare.
Nils har gjort litt stillferdig hagearbeid i dag, reinsa jordbæråkeren blant anna.
Skulle eigentlig vore på Plantasjen og sett etter hekkplantar til Solveig i dag, men sidan vi er prinsipielt imot sundagsopne butikkar, let vi det vere. Det kan hende vi må innom fleire plantesenter for å få tak i det vi skal ha.
I morgon skal vi på kino midt på lyse dagen, så då kan det like gjerne vere overskya.
Tok bilde frå altanen og ned mot plenen, for å vise at det gamle rosebeddet snart går i eitt med resten av plenen. Dei stilkane som står att, er ei fin, kvit lilje, som skal få stå til den er avblomstra.

1 kommentar:

solveig sa...

Det var foreslått både kvitløk og frisk chili.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...