søndag, juni 12, 2011

Bok nr. 33 - 2011: Pippa Lees hemmelige liv.

Eg visste ingen ting om denne boka då eg tok den med heim, men eg såg at nokon andre hadde filmen i hendene.
Når ei bok er så godt skriven, og opplesaren er eminent, då undrar eg på om eg blir lurt til å tru at boka er betre enn den er.Etter kvart forstod eg at boka var virkelig bra, for eg greidde knapt å legge den frå meg.
Det var litt vanskelig å skrive om den, og så gjorde eg den fatale feilen at eg slo opp på nettet først, der står det i nøkterne ordelag kva boka handlar om reint ytre sett.Den tek til med at Pippa, som er 50 år, og mannen Herb som er 30 år eldre, flyttar til ein eldrebustad i "Rynkeby". Dei er eit tilsynelatande perfekt par som har like perfekte venner, men Pippa har ei fortid som vi etter kvart blir kjende med. Fortellestemma er tidvis Pippas eiga stemme, andre tider er forteljestemma ein "utanforståande" 3.person.For meg handla boka djupast sett om forhold mellom menneske, ikkje minst er forholdet mellom mor og dotter sentralt.
Forfattaren skriv veldig godt, brukar mange bilde og metaforar, noko som eg ikkje alltid er like begeistra for, men som her er originale og treffande. Og under det heile anar ein ein eit snev av svart humor.
Forfattaren er dottera til den kjende Amerikanske forfattaren Arthur Miller som, så vidt eg hugsar, var gift med Marilyn Monroe. Denne boka vil eg anbefale.Dei som vil vite meir om boka, finn mykje stoff på nettet.Boka er på 7 CD-ar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Denne boka har eg sett på biblioteket i Ulsteinvik, men ikkje tatt med heim. Det gjer eg neste gong!

Besta sa...

Eg har no lagt den inn på MP3-spelaren, for eg hadde hatt boka så lenge at eg ville levere den.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...