lørdag, juni 11, 2011

Vermelding 11.juni - 2011

Klokka er no snart halv seks. Temperaturen nærmar seg +20 grader og sola held på å vinne over skodda.Nils er ute og klipper plenen med tanke på at det kjem to helgedagar då vi ikkje gjer slikt bråkete arbeid.
Før middag dreiv Nils og vaska båt, mens eg vaska golv. Så hadde vi eit ærend til Nilsbuda på Sæbø og der er det ope berre i helgane, trur eg. Det var ein presang vi skulle ha tak i, så då hadde vi ei unnskyldning for å reke.Dei som er interesserte i kva dei sel på Nilsbuda, finn den på FB.
På heimvegen fann vi ut at vi skulle køyre opp i Frølandsdalen, men vi hamna på feil veg og kom til Stokkedalen i staden. Samma det, det var no ein fin tur.
Då vi kom heim att til Ørsta var klokka 16, og vi var svoltne. Då såg vi skiltet utanfor den tyrkiske restauranten og blei frista over evne. Vi tok dagens/vekas tilbod og det var både godt og rikelig. Vi år opp alt! Håper at alle får det fint i pinsa, veret ser bra ut no.
Utsikt frå Stokkedalsvegen mor Sæbø.



God tyrkisk mat, med nysteik brød til.
                   

1 kommentar:

solveig sa...

Det såg godt ut! Sei i omnen her i dag.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...