fredag, mai 27, 2011

Vermelding 27. mai - 2011

Klokka er 15.15. Det er overskya opphaldsver og  temperaturen er+ 10 grader. Ikkje akkurat sommarleg ute.
Nils har gjort ferdig muren i dag. Det vart ein del tunge løft, så no lyt han få kvile seg nokre dagar. Eg var også ute og jobba, men med mindre krevjande prosjekt. Har drive og rydda og reinska rundt hekken mot naboen. Køyrde litt kantklippar også. Har ikkje tatt bilde av muren i dag, det får vere til vi har fått planta og rydda litt, no lyt muren få fred såpass sementen stivnar skikkelig, før vi begynner å rote meir. 
Vi laga oss ikkje skikkelig middag då vi kom inn att, men åt brødskiver og drakk kaffi, så kan det hende det blir noko godt til kvelds. Sidan det er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle GOD HELG.
Vi har ingen andre planar for helga enn at vi skal feire Amanda sin 11-årsdag med ballett og kafébesøk på sundag.

Ingen kommentarer:

Dargbok 2025: 13.desember

Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd...