torsdag, april 07, 2011

Vermelding 7.april - 2011

Klokka er snart 14.00. Ute regnar og blæs det -temperaturen er + 6 grader C. Fint ver å vere inne i, med andre ord. Har gjort litt husarbeid i dag også, og så har vi vore og handla, både på Amfi og på REMA 1000.Vi hamstrar mat fram mot påske. I dag blir det berre eit lettvint måltid midt på dagen, smørbrød med fiskepudding, reker og majones. Trur det må vere fleire år sidan vi har kjøpt ein fiskepudding, men fekk brått lyst på det i dag.
I Ørsta går diskusjonen om utviding av Amfi. Eigarane vil utvide ned mot sjøen, men det er mange imot. Det området som de ser på bildet er steinlagt er laga til som ein slags "park" med benkar og leikeplass, så mange er imot at dei bygger ut her. Eg, mellom mange andre, meiner at viss dei absolutt skal utvide må det skje oppover mot gågata, slik at ikkje sentrum blir heilt rasert.Eg synest ikkje dei er flinke å planlegge her i Ørsta.No er her så mange tomme forretningslokale at det hadde vore betre om dei vart tekne i bruk.

1 kommentar:

solveig sa...

Det er trist at handlegater ligg daude medan kjøpesentra veks. Samtidig er eg av dei som handlar om kvelden sidan eg er på jobb og ikkje har bil på dagtid slik at eg kan handle på heimvegen.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...