søndag, april 03, 2011

Vermelding 3.april - 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er +12 grader C, det er lettskya og fint ver ute.
Nils har vore ute på føremiddagen og spada litt i snøen, men der den ligg urøyvd er den framleis ca40 cm tjukk.
Eg har rydda litt i huset og lagt opp to bukser på føremiddagen. Å sy er om lag det verste eg veit, så det er ei lette å få det gjort.No skal vi ete middag om ei lita stund. I dag blir det Taco.
Hadde i grunnen tenkt meg til kyrkje i dag sidan det er dåp i nabohuset, men fordi eg har diverse sitteproblem for tida, torde eg ikkje å sette meg inn på ein steinhard kyrkjebenk.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vi har fått gode puter no... Hjelper vel litt på? Fin dåp av Mari Ella. Janne hadde endåtil med koret "sitt" som song vakkert!
Klokkaren

Besta sa...

Sikkert ein nydelig dåp, men når eg har det slik som no, hjelper det ikkje om setet er aldri så mjukt. Dessverre.

Dagbok 2026: 26.mars

 Klokka er no18.20, og bildet tok eg for ei lita stund sidan. Det har vore regn o g trasig ver i heile dag, men akkurat no kom det eit strei...