mandag, april 04, 2011

Vermelding 4.april - 2011


Klokka har passert 12.00. Ute held det på å skine opp, men før i dag har det både hagla og styrtregna.Sist natt hadde det minka bra på snøen.
Veit ikkje kor mange tre, særlig Thuja, vi har planta oppe med garasjen og som har døydd. Det siste stod ganske lenge, men sist haust skranta det fælt og vart meir og meir brunt. Så kom vinteren brått på oss, og det vart ståande heilt til i dag. Nils grov vekk snøen rundt stammen og prøvde å drage det opp med bilen. Det gjekk ikkje i første omgang, så han måtte grave litt, og då fekk han opp rota. Eg er veldig fornøgd med det, for når eg sit ved kjøkenbordet er det dette området som er "utsikta" mi.Vi kjem ikkje til å plante fleire tre på denne staden.Blir vel meir plen!
Eg har brukt føremiddagen, så langt, til å førebu middagen.I dag kjem Margrete og ungane, noko som vi alltid gler oss til. I dag lagar eg ein relativt eksperimentell gryterett av svinekjøtt. Tida får vise om den fell i smak.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det vert sikkert godt! GHer er snøen heilt vekke.

arieldog sa...

Det vart godt. Storegut og eg åt resten til kvelds...

Besta sa...

Her var ein liten rest til kvelds her også.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...