onsdag, april 27, 2011

Vermelding 27.april - 2011

Klokka er 11.00, sola skin og det er berre nokre små skydottar på himmelen. Varmt er det ikkje, sist natt var temperaturen nesten nede på 0-punktet, no viser gradestokken + 10 grader, så det går framover. Vi skal på kino, og så blir det styremøte i pensjonistlaget etterpå. Heldigvis er det meldt fint ver i fleire dagar, så det blir sikkert høve for meg også å vere ute. Er litt betre i foten/hofta i dag, men BRA er eg ikkje.
I dag har eg tatt bilda av dei blomstrane eg VEIT heiter Scilla, men så har eg altså lært at "dei små blå blomstrane" også er ein type av same art. Dei vanlige scillaene kjem litt seinare og er sterkare i fargen.Som eg har sagt før: Blå blomster er mine favorittar. Ha ein fin dag!

1 kommentar:

solveig sa...

I dag kom eg relativt tidleg heim frå jobb, laga potetstappe frå posar frå frysaren og grilla pølser. Herleg etter full dag!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...