lørdag, april 23, 2011

Vermelding 23.april - 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen er +22 grader C og det er deilig lettskya ver og litt vind.Betre kan det knapt bli ein dag i slutten av april. Dei to eldste gutane +far og farfar har vore på sjøen og fiska småsei. Det var visst kjekt, men ingenting kan vel måle seg med blekksprutfangsten i fjor sommar. Etter at eg hadde rydda opp litt i huset, fekk eg meg ei stille stund på altanen med lydbok. Wenche fikk seg også ei lesepause mens minstemann sov. Det er som ein sommardag ! Rasmus og fam. reiser heim att i morgon. Då blir det tomt i huset.Men eg er glad vi fekk desse fine dagane på slutten av ferien.

Vi vil i dag gratulere Bodil på Eid så mykje med dagen! Då eg var lita sa vi at viss det var fint ver på bursdagen, hadde vi vore snille siste året. Bodil må ha vore særdeles snill, og det trur eg så gjerne.
Ha ein fin dag, Bodil!

1 kommentar:

solveig sa...

Finare kan ein ikkje ha det! Eg har hatt meg ei god økt i hagen i dag før eg handla til skulen og meg sjølv. Middagen er eten og kjem vel på bloggen om ei stund, men no skal vi drikke kaffi på altanen.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...