fredag, april 01, 2011

Vermelding 1.april - 2011

Klokka er14.00. Temperaturen på trappa er nesten +14 grader C. Den målaren som vi les av på kjøkkenet visar berre 11 grader. Det er den eg vanligvis brukar. Uansett er det mildt og vårlig, og snøen smeltar.
Nils var tidlig oppe i dag og for på sjøen. Han kom att i 12-tida med nokre fine seiar, mellomstore.
Eg har vore noko plaga med verking siste dagane, men eg fekk no vaska og rydda litt i kjellaren f.m. og i tillegg fekk eg unna litt "kontorarbeid". Ikkje spøk å bli sekretær på gamle dagar, men eg har sikkert godt av å skjerpe meg litt. Måtte innom biblio ein tur i dag sidan eg fekk melding om at ei bok eg stod på venteliste til var ledig.Og så måtte eg ha diverse kontorrekvisita,pluss mat og medisin.No har vi altså vore ei lita runde og handla. Nils kokar fisk og poteter, så det blir snart middag. Sidan det er fredag, kan eg ønske alle ei god helg!

2 kommentarer:

solveig sa...

Vart nysgjerrig på kva bok det er!

Besta sa...

Boka heiter "En dåre fri"- og handlar om ei som er schizofren. Den har vore mykje omtalt på God bok.
Men først skal eg lese "De ensomme" av Håkan Nesser. Har berre så vidt begynt.Den er ikkje om Van Veteren, men om andre etterforskerar, og handlinga er lagt til Sverige som i den boka du les no.Det kjem vel med at eg er så kjend i den svenske geografien. Den er visst 4. boka i ein ny serie. H N sine bøker kjem i kategorien"Krim med noko attåt".Les mailen eg sende!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...