torsdag, mars 31, 2011

Bok nr. 20 -2011 : Mannen som ikke var morder

Denne boka minner om TV- seriar som Kalde spor, Sporløst forsvunnet m.fl. Eit team av politietterforskarar, kriminalpsykolog og patolog skal oppklare ei mordsak. Dei går grundig til verks, snur alle steinar, følgjer alle spor, og til slutt løyser dei gåta. Vi får også vite litt om privatlivet til alle i teamet og til dei mistenkte i saka.
Eg plar like desse seriane på TV fordi dei syner korleis politiet arbeider. (Det kjem i verkligheita ingen Poirot og løyser gåta i siste sekund).
Dette er oppskrifta i denne romanen også, den er visst den første i ein ny serie.Ein 16-åring blir funnen død, og det lokale politiet kjem ingen veg, så dei kallar inn forsterkingar frå Rikskrim. Ved eit tilfelle er også kriminalpsykolog Sebastian Bergmann i Væsterås, og han blir etter kvart med i teamet. Ja, han blir faktisk hovudpersonen, den som ikkje vil gi seg før han har heile sanninga.Vi får vite mykje om privatlivet hans, men også ein god del om dei andre etterforskerane, det virkar som om vi skal få vite kvifor dei er som dei er og gjer som dei gjer.Kvasi-psykologi kallar eg det.
Boka høver godt å høyre på lydbok, den er veldig grundig og ryddig, så ein slepp å gå surr i personane.Men det er eit stort MEN frå mi side. Det blir langdrygt og til dels nokså kjedelig. Mens ei tilsvarande episode på TV tek 50 min ev.50 min.X2 tek det dette teamet 11 CD-ar å oppklare saka.No ser eg ikkje bort frå at boka kan vere mindre langdryg på papir.Den mest interessante i denne boka er kriminalpsykologen Sebastian Bergmann, som visstnok skal bli ein gjennomgangsfigur i serien.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese ein CD, så eg har ikkje kome heilt inn i boka enno, men liker ho så langt. Kjekt at der er same helt i mange bøker, så slepp ein å bli kjende med nye personar heile tida!

Besta sa...

Eg har site mykje framfor datamaskina og strikka, elles misser eg så lett konsentrasjonen. Om serien blir ein suksess står att å sjå. Meldingane på Internett var stort sett skrivne av forlaget etc.

krimbloggeren sa...

Jeg har lest boken. Ble skikkelig fascinert av Sebastian Bergmanns mangel på empati. Slukte like godt bok nummer to fra samme forfatter. Nå gleder jeg meg til å få sett filmatiseringen av denne boken.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...