tirsdag, mars 01, 2011

Vermelding 1.mars 2011

                                                                                      
Klokka er ca 12.30.Det er + 4 grader C ute, skodde og regn.
I dag vakna eg opp til ei slik "Bad hair day". Berre eitt blikk i speilet sa tydelig ifrå om at eg skulle ha vore hos frisøren.Kunne ha ringt henne, men reknar med at ho har tatt vinterferie i lag med barna sine. Får halde ut med håret ei veke til.Kunne godt ha tenkt meg ein tur ut i dag også, hadde ein fin spasertur i går ettermiddag i solskinet. Men det er ikkje fristande-og eg trur ikkje på den der at det ikkje finst dårlig ver. FOR DET GJER DET ! Dessutan er eg frostig. Det er kinoforestillingar på dagtid i heile vinterferien- men ingen av filmane fristar. Kunne ha vaska ned badet for eksempel, eller rydda kjellaren, men eg ventar til ein dag det er litt mildare i veret.Det er i grunnen ingen ting som hastar så veldig, og ingen ting eg har lyst til. Ja, eg veit at det er eit luksusproblem, og at mange kunne ønske seg ein slik dag då dei slapp å gjere noko. Men akkurat i dag er det eg føler på at vinteren er lang og sommaren kort.(Og det meste regnar bort).Snø har vi i store mengder enno også, ikkje vårteikn i sikte her....................
No har eg stelt litt med potteplantane og gjort litt forskjellig i huset. Så skal vi ete middag snart, og då skal vi ha salta lange, ein av dei mange livrettane mine,og kanskje lettar det opp litt. I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, og torsdag ein tur til Eid. Så eg får kanskje ligge på ladding i dag?
Ha ein god dag!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Artig at du har fått deg sekretærjobb, sikkert midt i blinken for deg!

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...