onsdag, mars 02, 2011

Vermelding 2.mars 2011

Klokka er no ca 16.30. Temperaturen ute er +6 grader C, og det blæs og regnar litt. Tidlegare i dag var det sol og fint ver.
Eg fekk ikkje gjort så mykje før middag, for eg skulle møte på Bakk-Ola klokka 13.00. Det var styremøte i pensjonistlaget, og sidan eg er sekretær og skal skrive referat kunne eg ikkje sove i timen. Har sikkert berre godt av å skjerpe meg litt. Det blir enda eit møte denne veka, men då er det berre formannen og eg som skal møte kinosjefen.Eg har ei kjensle av at eg har tatt på meg litt for mykje, har blitt vant til å vere heilt fri etter så mange år som pensjonist. Men det er kjekt å bli kjent med så mange hyggelige folk, som er SÅ glade for at eg har tatt på meg oppgåva.
Vi stakk innom Coop og kjøpte med oss ein kylling som vi hadde til middag.
Hadde diverse dataproblem i dag, bloggen var heilt forsvunnen, og eg fekk melding om at den var sletta. Vart lettare febrilsk, men no då eg kom heim etter møtet, fann eg fort ut av det. Måtte berre ha ein ny kode, som eg fekk på mobilen, så var alt i orden.
Berre dei som sjølve bloggar kan forstå for ei krise det er å "miste bloggen".
I staden for å kvile middag skal eg skrive møtereferat i dag, må skrive mens eg enno hugsar kva som vart bestemt. Ja, eg har sjølvsagt notert ned det meste.No begynner eg altså ei ny yrkeskarriere som sekretær.
Har fått fleire meldingar frå Solveig i dag. Flya har vore forseinka både her og der, så eg veit ikkje om dei har kome seg på veg til London enno.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg blei bra forskrekka då det stod på Facebook at du hadde mista bloggen. Eg såg det var noko gale med han i går. Der var berre tekst.
Men godt at det retta seg. Då er det håp om noko slikt skjer ein gong til.
Elles er eg imponert over den nye "jobben" din. Det er nok litt travelt, men eg trur du får mykje glede av det og.

Besta sa...

Eg fekk beskjed på skjermen kva eg skulle gjere, og fekk eit passord på mobilen, så var alt i orden. Ingen grunn til panikk."Jobb" er vel litt drygt, men det er litt rart å komme inn i styret som sekretær før ein er medlem. Det går seg til får vi tru.

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...