søndag, februar 20, 2011

Vermelding 20.februar - 2011

Klokka er no 14.00. Det er 0 grader C ute og strålande ver. Vi har vore ein tur ut på Rjåneset og sett etter båten. Nils har ein spade som han kakka sund isen med,slik at båten får flyte fritt.Mens vi var der, kom det ei lita fiskeskøyte inn til kaia og mykje folk gikk om bord i den.Det var trulig ein gjeng hobbydykkerar som skulle på tur. Rorbuene er tomme no om vinteren, men om sommaren er det fullt av feriegjestar der.


Då vi kom heim gikk vi oss ein lang tur med spark. Dvs. turen var eigentlig ikkje så lang, men vi møtte så mykje kjentfolk som vi ptata med at vi fekk vere lenge ute. No skal vi lage oss lettvint middag av blandaball frå frysaren. Og så skal vi nyte fineveret så lenge det varer.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg gjekk meg ein tur på 1 1/2 time midt på dag i dag. Der var, som Anlen seier, kø på gangvegen.

Hildegard sa...

Vakre bilder, trur du må ha fått deg eit godt kamera. God veke!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...