lørdag, februar 19, 2011

Vermelding 19.februar - 2011

Klokka er no vel halv fire, det er strålande sol og nydelig ver ute. Temperaturen ligg rundt 0 grader.Viss de synest at her er mykje snø, kan eg opplyse at her var mykje meir snø i fjor på denne tid. Det er lett å sjekke på bloggen.
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen i dag, men så sende Margrete melding om at Eirik og Amanda skulle delta på ein konsert i Voldakyrkja klokka 12.00- i regi av musikkskulen. Som vanleg stilte vi alle opp, fire born, foreldra og alle fire besteforeldra. Ei heil benkerad og vel så det.
Amanda deltok i ei blåsegruppe, og Eirik spela gitar saman med ein kamerat og gitarlæraren deira, dessutan song han. Han har alltid vore flink å synge, og det er han framleis, sjølv om stemma har forandra seg noko. Det let veldig bra, og i følge farfaren er han kjempeflink å spele gitar. Han er jo tredje generasjons- musikar på farssida.
Etter konserten gikk familiegruppa vår i oppløysing; Lars tok med musikantane i slalåmløypa, Margrete og Minstemann skulle handle og så fare heim att, mens Ingeborg og alle besteforeldra hamna på kaféen Rokken. Vi kjøpte salat og brød- det får gå som middag i dag. Etterpå var vi litt rundt på butikkar før vi for kvar til vårt. Nils og eg var ein snartur innom Amfi-vi gløymde å kjøpe poteter i går.
Bilda eg tok i kyrkja vart ikkje så bra, men legg ut eit par av dei likevel.
Margrete kjem vel med betre bilde på sin blogg, og Ingeborg legg kanskje ut noko på FB.

Times Like These.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her kom det fram talent!

Hildegard sa...

Dette høyrdes kjekt ut. Når foreldre og besteforeldre stiller opp, blir det publikum. Her går det i pass av Viktor, familien er komne fram til Gran Canari i dag. Viktor er ikkje heilt i form, var til veterinær før dei reiste, eksem på ein fot og litt på sida, så no går det i medisinering og rolege dagar.
Trur han kan ha godt av å vere her og få godt stell til han er betre, er byrja å bli gamal, stakkaren.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...