fredag, februar 18, 2011

Vermelding 18.februar - 2011

No er klokka snart halv to. Det er overskya og +3 grader C.
Vi har vore ein tur på Amfi og handla, men i dag trefte vi ikkje mange kjende der. På heimvegen svippa vi oppom Øvre Mo, det nyaste bustadområdet i Ørsta og kika litt på arkitekturen der. I nedste delen av området, Mosmarka , er husa nokså einsarta. Men oppe ihøgda finn vi alt frå gammeldagse "sunnmørshus" til nyfunkis. Her er heller ikkje berre einebustader, men også hus med to-og fire leiligheiter. Prøvde å ta nokre bilde, men vanskelig å få med heilskapen. Ein ting er i alle fall sikkert, det er ei flott utsikt der oppe. Håper de får eit lite innblikk av bilda mine.
Dette er dei tradisjonelle husa som det finst mange av både i Mosmarka og på Øvre Mo.
Og her eit meir utradisjonelt.

3 kommentarer:

bodilingeborg sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Kjekt å sjå alle dei forskjellige husa. Mykje snø endå i Ørsta. God hekg til dokke begge.

Besta sa...

Sant å seie forstår eg ikkje at det blir bygt så mykje i Ørsta, for her er ikkje auke i folketalet. Eiaste tendensen er flytting frå bygdene mot sentrum.Mykje snø, ja, men i fjor var her enda mykje meir. Her er visstnok 80 cm på flat mark.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...