torsdag, februar 17, 2011

Bok nr.12 - 2011: La de små barn komme til meg.

No har eg akkurat lese ferdig denne krimromanen - tok meg på tak og las resten i kveld, etter som krimbøker alltid er best viss ein ikkje brukar for lang tid. Ja, det høyrest sikkert dumt ut, men det er slik eg føler det.
Eg er eigentlig nokså lei av denne sjangeren, og denne boka har ikkje så mykje attåt dei vanlige ingrediensane, tvert imot er her fullt av klisjéar. Likevel vil eg ikkje slakte boka (slakting er her nok av i boka)-her er ein god del positive ting å trekke fram. Boka høver godt som lydbok, den er ryddig og enkel i oppbygginga, har få personar og ei relativt enkel handling. Alle trådar blir nøsta opp til slutt, med den tradisjonelle psykologiske forklaringa på kvifor forbrytaren er blitt som han er. (Det er sjølvsagt mora si skuld!) Kor vidt ein "kjøper" oppklaringa er ei anna sak, men det finst faktisk mange galne folk i det virkelige livet også. Egner seg ikkje for folk med tendensar til å bli skræmt. Skal eg legge den inn på MP3 for deg Solveig?

1 kommentar:

solveig sa...

Takk for tilbodet, men eg har lese boka. Eg ser at eg la lite arbeid i bokmeldinga.http://ortentrovag.blogspot.com/2010/09/bok-39-meir-norsk-krim.html

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...