fredag, desember 03, 2010

Vermelding 3.desember 2010

Klokka er no ca 12.40. Temperaturen er minus 7 grader C, og sola skin i fjella ,men ikkje her vi bur.
Som de ser har eg fått bilde i dag igjen, men har ikkje kjøpt nytt apparat. Vi fann endelig det gamle, som låg akkurat der det skulle ligge,sjølvsagt. Vi sette i nye batteri, og det virka som berre det. Til og med blitzen virka.
Siste gongen det var i bruk var sommaren for eit par år sidan, då Nils og Audun dreiv vedhogst lenger ute i gata, så no kom også dei bilda fram.
Sidan VED er eit heitt tema akkurat no, synest eg det høver å legge ut bilda på bloggen i dag.


Eg har brukt ein del av føremiddagen til støvsuging og rydding til helga. Forma er ikkje heilt på topp, har nok teke det litt for travelt med strikkinga, og det tolest ikkje. Dessutan har både Nils og eg fått eit lite tilbakefall med forkjøling. Eg er no berre litt snufsete, men Nils blir liksom ikkje heilt bra i halsen.
Så vil eg ønske alle ei god helg med minst mulig stress. Vi skal på ballett i morgon, elles legg vi ikkje mykje planar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Artig å sjå att bilde frå vedhogsten!

Hildegard sa...

Koseleg bilde. Ja, ungdomen veks til. Rart å måtte innsjå at det er dei som har kreftene og kan hjelpe både med bæring og flytting.

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...