Klokka er no ca 12.40. Temperaturen er minus 7 grader C, og sola skin i fjella ,men ikkje her vi bur.
Som de ser har eg fått bilde i dag igjen, men har ikkje kjøpt nytt apparat. Vi fann endelig det gamle, som låg akkurat der det skulle ligge,sjølvsagt. Vi sette i nye batteri, og det virka som berre det. Til og med blitzen virka.
Siste gongen det var i bruk var sommaren for eit par år sidan, då Nils og Audun dreiv vedhogst lenger ute i gata, så no kom også dei bilda fram.
Sidan VED er eit heitt tema akkurat no, synest eg det høver å legge ut bilda på bloggen i dag.
Så vil eg ønske alle ei god helg med minst mulig stress. Vi skal på ballett i morgon, elles legg vi ikkje mykje planar.
2 kommentarer:
Artig å sjå att bilde frå vedhogsten!
Koseleg bilde. Ja, ungdomen veks til. Rart å måtte innsjå at det er dei som har kreftene og kan hjelpe både med bæring og flytting.
Legg inn en kommentar