Klokka er no ca 12.30. Temperaturen ute har stige til minus 10 grader C., veret er framleis nydelig og sola kjem LITT nærmare for kvar dag. Eg skal innrømme at eg er ein frostpinn, og går ikkje ut i kulden utan at eg blir tvinga til det. I dag måtte eg støvsuge heile huset for å få opp dampen, men eg skal ikkje stikke under ein stol at behovet var der også.
Lars var her med tørrhøy, Nils har laga ei god varm seng til Advokatten no, det er ikkje greitt å vere villkatt i slike tider.Elles er Nils vaktmester for to hus i tillegg til vårt eige, men naboane i det eine kjem heim i dag. Bildet ovanfor har eg tatt frå trappa, det under frå altanen. Det er så langt eg kjem utan sko. Latskapen er stor i dag! Godt vi har restar frå i går til middag, og så får vi håpe på bra TV-program. Viss ikkje har eg ein film. Håper blogglesarane har det bra også.
Advokatten i den nye dagsenga si. Sjå kor han kosar seg!
Det ser ut som han ligg i ei minikasse, men KASSA er av normal storleik, slik som dei får fisk eller anna i på butikkane.Kassa er ikkje lita, men katten er stor.
3 kommentarer:
Det er no ein flott katt, men han er ikkje så menneskekjær.
DET kan han bli.No når har har fått så god seng.
Eg trur nokon ikkje har vore snill mot han. Kanskje han berre må få trua på menneske igjen?
Legg inn en kommentar