Her har vi hatt enda ein nydelig dag,med klårver og sol.No i kveld, klokka 22, var det minus 3 grader.
Før middag i dag var vi ein tur på Stortorget kjøpesenter, Rasmus, Nils, dei to største gutane og eg. Men vi hadde i grunnen nok med å halde flokken samla, så særlig mykje handling vart det ikkje. Eg fekk rett nok kjøpt meg ei ny vinterjakke i den festlige fargen grått, så vart det i alle fall ikkje svart denne gongen.
Noko som var morsomt var at der midt inne i kjøpesenteret var dyreutstilling i ei kassehylle.På hyllene sat nokre høner, eit par kaninar og ein liten svart gris.Framfor utstillinga låg ein kvit hund paddeflat og passa på dei andre. Der var så tettpakka med folk at eg gav opp å ta bilde.

Det vart eit lite kafébesøk også, der eg fekk stifte bekjentskap med ein ny variant av slush- denne varianten heiter Shave ice.Ja, det frista ikkje meg,men gutane syntest visst det var herlig.Men Eivind måtte ha ein softis etterpå så særlig mettande var nok ikkje Shave-ice-en.Han er stor gut no, bestiller og betalar frå eiga lommebok.
Då vi kom heim var vi så svoltne at vi heiv i oss diverse kaffimat som vi hadde kjøpt. Seinare kosa vi oss med Wenches elggryte før TV-kvelden.
1 kommentar:
Legg inn en kommentar