mandag, november 22, 2010

Vermelding 22.november 2010

 
Klokka er no ca 14.15. Temperaturen er minus 3 grader C og vi har framleis nydelig ver. Akkurat no har vi nesten sol, men sidan det ligg litt skyer i Osskaret, blir det ikkje så mykje av det. Vi hadde tidlig middag i dag; pannekaker med flesk og blåbærsylte. Såg at Wenche laga pannekaker med byggmjøl i på Fookost-TV ein dag. Det skulle vere så sunt, så i dag hadde eg ca halvparten bygg og halvparten kveite i pannekakene. Brukte ikkje W. si oppskrift, der var det fleire finessar. Saken er at vi er glade i pannekaker, og ved å tilsette litt grovt mjøl, får eg betre samvit når eg et dei, om ikkje anna. Har baka brød også. Det vart litt byggmjøl i dei og.
Såg delar av eit program på NRK 1 i dag. Det handla om mjøl og brødbakst.No er det BYGG som er det store, i fjor var det vel RUG ? Programleiar var Hilde Hummelvold. De finn sikkert programmet på nettet om de er interesserte. Dei hadde m.a. ei oppskrift på eit fantastisk brød i bakemaskin,men eg beit meg ikkje merke i kvar oppskrifta låg. Den ligg i alle fall på nettet.Elles har eg ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, og Nils brukte mykje av f.m. på legesenteret der han var og tok prøver.
I dag er eg ikkje så bra i rygg og hofte som eg har vore i det siste. Det kjem nok av at eg har SITE for mykje og strikka.No skal eg ha meg ei stund med lydbok, men utan strikketøy. Dessverre. Nils sit og les seg frampå i kommunale saker, han skal møte i kommunestyret i morgon, så då går den dagen.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Nesten kvar gong Henning er her vil han ha pannekaker. Brukar litt fin sammalt kveitemjøl i røra. I går hadde vi besøk av han, og då laga eg like godt ein stor porsjon slik at vi også fekk ulyste oss.
Kjekt at det blir fokusert på andre mjølsortar enn kveite.
Kristine er også glad i pannekaker, men no er ho så stor at ho også likar litt meir "avansert" kost.

solveig sa...

Brødprogram som eg ikkje har fått med meg!!!!
Det er stor skilnad på byggmjøl. Det frå Skjåk er sammale, elles er det mykje bygg rug å sjå.

Besta sa...

Wenche brukte Skjåkmjøl i pannekakene sine, ho hadde også litt surt i.Eg har brukt sammalt kveite/fin før, og vil påstå at det var betre enn byggmjøl.Poenget for oss er at både pannekaker, spaghetti etc. blir sunnare og meir mettande med litt grovt mjøl og ev havregryn i.
Brøda eg baka i dag av sammalt kveite/ fin, byggmjøl, havregryn+ fint kveitemjøl såg gode ut, men vi har ikkje smakt dei enno. Det er mange som ikkje toler så godt rug, derfor kan ein prøve ut bygg i staden.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...