fredag, november 19, 2010

Vermelding 19. november 2010

 
Klokka er no snart halv fire og vi har nettopp ete oss stappmette på fiskesuppe. Ute er det same fine veret som i går, og temperaturen er ca minus 4 grader C. Sidan vi har vore ein tur til Volda ,kan eg opplyse om at der var det minus 2, og ved flyplassen minus 7.
I går kveld då eg skulle legge meg, fekk eg ikkje CD-spelaren til å virke. Han har vore litt upålitelig i det siste, men at han valde å kollapse i 1-tida om natta var ikkje det eg sette mest pris på. Det var liksom for seint til å sette seg ned å studere på korleis eg skulle få lagt boka inn på MP3- spelaren via datamaskina. Heldigvis fann eg Kvinnen i plast på MP3 spelaren, det er vel Solveig som har lagt den inn. Så kvelden og natta var redda. I dag fekk eg melding frå biblio om at Knausgård 5 venta på meg, så då hadde eg TO gode grunnar for å ta laust.
Vi prøvde oss på den nye Lefdal-butikken i Furene, men dei hadde ikkje spelarar. Sidan eg trengde garn, ville eg ein tur til Volda. Der vart det å fare innom Euronics, som heller ikkje hadde Walkmen, men anbefalte Europris, som heller ikkje hadde. Ja, ja, eg fekk i alle fall garn på Nett-Strikk! På heimvegen vart det El-kjøp- som hadde ein walkman, same sorten som den eg hadde før. Dagen, og særlig natta, er redda, og eg får halde fram med underhaldningsromanen min. På dagtid spelar eg mykje på datamskina mens eg strikkar, då slepp eg å ta omsyn til ledningar etc.
Før vi reiste hadde Nils koka ein seifilet, så det gikk fort å lage fiskesuppe. Den var god og sikkert søvndyssande.Nils vart i alle fall merkelig stille.
I dag formiddag hengde Nils opp presangen (Ting og tang) i garasjen. Som de ser har han kjøpt nye gummimakkar-han bytte dei til seg i staden for svenskepilken, og i dag fekk han endelig tak i stor nok pilk på ei sportsforretning i Volda. Eg kjøpte meg same sort hals som han fekk til bursdagen. Min er lilla. Likar det betre enn skjerf.No skal eg pakke ut walkmanen og ha meg ei kosestund. God helg til alle!
Posted by Picasa

3 kommentarer:

solveig sa...

Du får seie frå om eg skal legge ut kurs i ripping!

Hildegard sa...

Trur nok at El-kjøp i Ørsta er ein bra butikk (litt spesielt i kassa).

Besta sa...

Vi handlar i grunnen mest på El-kjøp, men måtte berre kike innpå den nye Lefdalbutikken i Furene, dei har teke over lokala til Expert.Plantasjen bygger no ved sidan av Lefdal. Det blir kanskje eit trekkplaster?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...