tirsdag, november 16, 2010

Vermelding 16. november 2010

 
Klokka er13.15, temperaturen +3 grader C og det regnar. Nokså typisk novenberver med andre ord.
Vi vakna begge to tidlig i dag, og slett ikkje friske, Nils hosta og eg naus. Eg har kome meg til litt, men Nils hostar og har framleis vondt i brystet.Eg tok meg saman og rydda kjøkkenet og støvsuga alle stader vi har teppegolv. Så sette eg meg framfor datamaskina og las siste to platene av boka mi mens eg strikka. Deretter var vi ein tur nedover på apotek og bibliotek.Eg fann ei bok som eg var sikker på at eg hadde sett på Margrete sin blogg, men så viste det seg at den berre likna litt på omslaget.Boka heiter Den glemte hagen.Eg har mistanke om at det er ei såkalla "bestselgarbok" og dei plar eg nesten aldri like. Den er på 17 CD-ar, så viss nokon har lese den og meiner det er bortkasta tid, så sei i fra. Sette meg på venteliste til Knausgård 5, og den skal etter planen vere inne i morgon! Eg er den første (og einaste) på ventelista.
Nils er i gang med middagen. I dag blir det fiskekaker. Det blir bra, for det har gått litt vilt for seg i matvegen i seinare tid.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-

Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...