fredag, november 12, 2010

Vermelding 12. november 2010

 
Klokka er ca 13. Temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya og opphaldsver.Saknar sola i dag, men ho er ikkje langt borte, og det er ikkje mørkt ute slik som det blir i regn og styggever.Snøen ligg enno, men det er så lite at det er ingen problem.
Fekk meg hostesaft i går, så i dag har eg ikkje hosta mykje.Det har vore verre med Nils, så no er det han som får medisin.Det er slik hostesaft med eukalyptus og honning, klarer ikkje den med lakrissmak.Det er mange år sidan vi har hatt bruk for slikt. Og takk for det.
Nils har vore og handla f.m. og eg har styrt med div. husarbeid, som vanlig, blant anna har eg tørka støv og vaska litt etc. Til middag skal vi ha kokt sei i saus med løk og paprika. I går hadde vi spaghetti med tomatsaus. For ein gongs skuld brukte eg ferdig pastasaus frå glas, men den smaka nesten ingen ting, så vi spedde på med litt Taco saus (hot). Er det nokon som kan anbefale ein ferdig pastasaus som er god?
Utrulig at det alt er fredag igjen, dagane og vekene berre rasar av gårde. Ønsker alle ei god helg!
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Wenche i GMN på TV2 har mange gode oppskrifter, ikkje lenge sidan ho laga slik saus, meiner eg. Har du prøvd Dolmio Classico Pastasaus på glas? Eg brukar den også til heimelaga pizza.

Besta sa...

Når eg lagar tomatsausen sjølv, blir han alltid god. Men somme gonger skal alt skje i full fart, og då kan det vere greitt med ferdiglaga- når ein er berre to skulle det gå an?Trur det var Coop sin saus eg hadde denne gongen. Skal prøve Dolmio neste gong. Heimelaga pizza lagar eg veldig sjelden no for tida.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...