Klokka er no snart 20, og det er for seint å ta bilde ute.Men eg reknar med at de etter kvart er kjende med utsikta frå trappa og frå altanen vår. Temperaturen er +11 grader C, framleis er det mildt men ikkje så varmt som i går, då det var + 20 grader på kveldstid. I dag har det vore ganske mørkt og regnfullt, litt synd for dei som har haustferie.
Margrete og ungane kom hit etter at Erlend hadde vore til tannlegen, men dei måtte vente litt på middagen, sidan vi hadde invitert Einar også. I serien "gammaldags mat" vart det i dag svinesteik og medisterpølser.No har eg snart brukt opp alle dei gammaldagse rettane eg kan, så då blir det vel repriser.
Margrete og eg var ein liten tur nedover såpass eg fekk vist henne gardinene eg likte, og ho likte dei, ho også. Så no blir det kanskje litt utskifting i heimen. Skikkelige gardiner er dyrt, så det er ikkje noko ein kan kjøpe ofte. Eit alternativ er å kjøpe rimelige ferdigsydde i pakkar, men dei passar ikkje, så då må eg til å klippe og sy.......
Nils var ute og drog teiner i dag tidlig, fangsten var ikkje stor, og Margrete fekk med seg det som var, håper ho fann litt mat i dei.I morgon kjem trulig Håkon innover og skal fiske i lag med morfaren.Det er meldt storm til natta, så vi får håpe det stilnar igjen fort.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
4 kommentarer:
Eg er enig i at ein må kjøpe gardiner når ein ser nokre ein liker! God kvalitet vil ofte seie at dei er tette i sollys.
Nils er jammen flittig på sjøen.
På måndag tenkte eg at eg skulle få brukt nokre av alle makrellane vi har i frysaren. Så eg såg på internett etter Omnsteikt makrell. det var det fleire oppskrifter på. Men veldig vellukka vart det ikkje. Trur det tradisjonelle er best. Vi hadde 9 gjestar, så det minka litt likevel.
Nydeleg med krabber til kvelds etter ein koseleg "vekkasta" dag :)
Det blæs nok for mykje til å fiske frå liten båt. Vioi vurderer Moatur i morgon. Spørs kven vi får med oss ...
Legg inn en kommentar