tirsdag, oktober 05, 2010

Bok nr.50 2010 : Englefall

 
Denne boka er på berre 6 CD-ar og eg har lese den på to dagar. Boka er spesiell, og spennande på ein måte. Den handlar for det meste om død og gravferd, men er utrulig bra komponert.Alle personane fortel historia frå sin ståstad, og til saman blir dette puslespelet ei heilstøypt historie. Hendingane er lagt til London, og startar med at dronning Victoria er død- og ca 10 år seinare sluttar forteljinga då kong Edvard dør.Boka gir eit godt bilde på korleis det sosiale livet fungerte i London på denne tida, både hos herskap og tenarar.Elles treng eg ikkje å fortelje meir om innhaldet, men les gjerne denne boka. Eg likte den godt.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:16.november

Klokka er no18.12 oog eg kom nettopp heim etter å ha vore ein tur opp til Marit, Då eg skulle gå over gata og heim, fekk eg sjå den store fl...