torsdag, oktober 07, 2010

Vermelding 7.oktober 2010

 
Klokka er no 16.00. Temperaturen er + 17 grader C, og det er fint, lettskya ver. Håkon og Nils måtte avlyse fisketuren i dag på grunn av dårlige meldingar, og sist natt gjorde det både regna og bles, men det vart uventa fint i dag. Og takk for det.
Før middag i dag støvsuga og styra eg litt i huset, og til middag laga eg steikt sei med diverse grønsaker.No skal eg prøve å få gjort litt til før det mørknar.Det er litt for tidlig å rydde opp i hagen før vinteren, mykje blomstrar enno. Eg ser med glede at somme naboar har begynt å felle ned store tre i hagane sine. Sikkert lurt med tanke på eventuelle hauststormar.
Elles har det skjedd fint lite her hos oss.Fekk litt datatrøbbel, og då veit vel alle kor tida flyg?

1 kommentar:

solveig sa...

Vi merka faktisk bølgjene på ferjeturen i dag, så sjøen var opprørt!

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...