Denne boka er kort, berre 5 CD-ar. Edvard Hoem skriv og les godt, og dette er heilt sikkert ei god bok. Men den fenga ikkje meg så veldig.Temaet er på ein måte oppbrukt. Miljøet er relativt framandt for meg, og i det heile tatt. (Dessutan har eg lese mykje av boka om natta og det seier sitt.) Ein fordel viss du vil lese boka er at du har Frøken Julie i friskt minne, det hadde ikkje eg, det er år og dag sidan eg las den. Har du lese eller sett det russiske stykket Revisoren, så er det også relevant i forhold til boka.Les på omslaget eller andre stader om boka. Dette er ikkje ei bokmelding.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


2 kommentarer:
Eg bruker å skrive "Høyr på Hoem". Han har ei av Norges vakraste stemmer, skriv godt, men denne boka er nok av dei minst interessante eg har lese av han.
Det var så framandt miljø-og menn i midtlivskrise er ikkje det kjekkaste eg veit heller. Synest ikkje boka "kledde" Hoem, sjølv om eg veit at han har jobba mykje med teater.
Veit ein som har enda vakrare stemme å sovne til:Jan Erik Wold!
Legg inn en kommentar