Klokka er snart 15.00. Temperaturen ca + 9 grader C og det er fint, lettskya ver ute. Sola er framme lange stunder om gongen.
I dag har eg fått gjort litt i huset.Har mellom anna baka brød og vaska vindu. Sidan Nils og eg haddde problem med å bestemme oss for om vi skulle ha gardinene, søkte eg hjelp hos ei veninne som stakk innom som snarast. Ho syntest gardinene var kjempefine og ho meinte vi skulle kjøpe seks lengder. Det samme meinte eg i grunnen sjølv også. Så no skal eg bestille dei ferdig sydde.
Hos samme veninna fekk vi 3,5 kilo Victoria-plommer som vi har sylta i dag.
Middag har vi ikkje hatt enno, måtte smake det nybakte speltbrødet til lunsj. Brødet var godt,det, men det bør det også vere til den prisen.Nesten 40 kr for mjøl til to små brød.
7 kommentarer:
Hm ... det var vel det eg og sa!?
Ka du sa? At eg måtte ha 6 lengder eller noko om spelt? Det er dei som står på butikkane som fabulerer om at ein ikkje treng så mange lengder. Ragnhild sa berre det som eg meinte sjølv.
Kjekt at du endeleg har bestemt deg, gardinene ser nydelege ut.
Eg har same problem som du, klarer ikkje å bestemme meg, så det blir ofte Svein som må ta avgjerder om fargar og slike ting
Eg likte gardinene med det samme eg såg dei, men så begynte eg å lure........No er eg glad eg har bestemt meg. Det er litt av ei investering med så mange meter.
At gardinene var fine og eg ville hatt seks lengder!
Steikje fine gardiner!
Ja Margrete har no sett dei "live" på butikken!
Nils har lite lyst å uttale seg om fargar etc. sidan han er lettare fargeblind.
Legg inn en kommentar