søndag, oktober 10, 2010
Vermelding: 10.oktober 2010
Klokka er snart 18.30, temperaturen er no + 8 grader, og det har vore ein strålande dag kva veret angår. Og kva har eg gjort på denne vakre haustdagen? For det meste har eg lagt på altanen med augene attletne og høyrt på bok. No forsvann sola, så då gikk eg inn. Det er merkelig kor flink ein kan bli å gjere ingenting eller nesten ingenting. .... Men det er ikkje frivillig at eg er så passiv, så det er sagt.
Det var Nils som laga mat i dag. Når han slår til med gammaldags sjømannskost som "Erter, kjøt og flesk" -er det berre å halde seg på avstand til maten blir servert.Og godt er det. Altfor godt!
Vi har hengt opp gardinlengda, men eg er enno ikkje samd med meg sjølv om eg har funne den rette, og Nils har ikkje noka meining om det. Det er vel litt sånn med oss begge at det er greitt å ha det slik som vi er vandt til.Så i morgon kjem eg til å søke assistanse hos ei besluttsom veninne som seier kva ho meiner.
Håper at alle har hatt ei god helg og at fineveret vil vare når Nordfjordingane skal ha haustferie.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar