onsdag, august 11, 2010

Vermelding 11.august 2010

 
Klokka er snart fem på ettermiddagen. Temperaturen er +21 grader C og sola strevar med å komme seg gjennom skodde og skyer, berre delvis med hell.
Vi har ete steikt sei til middag i dag av den som vart fiska i går, og det smakte godt om eg skal seie det sjølv. 
Dei to største gutane har ikkje så mykje å ta seg til her, men er vel fornøgde med å ligge i senga  med "dataspel". Dei har hatt mange opplevingar i ferien, så det kan kanskje vere godt å sløve litt ein dag eller to.
I morgon ventar vi besøk frå Hareid, og planen er at Rasmus & co skal ta på heimvegen laurdag.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekke og festelege gutar. Kjekt å bli litt kjende med dei i går då vi var på kveldsvisitt. Artig å halde ein baby (Ingar) på fanget igjen...
Nydeleg rabarbrakake med is og gulrotkake. Takk for fine seifiléar til frysaren. Fin heimtur rundt Austefjorden, bomma på ferga.

Besta sa...

Vi synest det var kjekt at de kom; sidan Rasmus er den som bur lengst vekke frå slekta si, er han ikkje så ofte å treffe. Traktementet var ikkje så mykje å skryte av, men vi får gjere det betre ein annan gong.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...