torsdag, juli 08, 2010

Vermelding 8.juli 2010

Klokka er ca 13.00. Det er + 23 grader ute, lettskya og vind. Vi hadde eigentlig tenkt oss til å hente nyebilen i dag, men sidan den ikkje er klar, måtte vi finne på noko anna. Har styrt litt ute i hagen, og så gikk vi ein liten tur ut Starevegen og inn att Olavsgata, og fotoapparatet blei med.
I krysset mellom Starevegen og Storebakken bur det ein pensjonert rørleggar. Kvar sommar har han moro av å lage eit  rørsystem som driv ein kvernkall i elva ovafor huset sitt. Som de ser er det lite vatn i elva.Denne "elva" er ikkje ei ekte elv, men eigentlig ei grøft som vart laga ovafor all bebyggelse for å samle opp småbekker frå skogen.Etter kvart som tida går blir grøfta meir og meir lik ei elv.
I den kunstige elva er der mange små hølar der ungane likar å leike, og faktisk er der ganske mykje kreder der. Vi såg no minst 4 i denne vesle hølen
 
Her har det vore ei umulig tomt ledig i mange år. No var det nokon som fekk kjøpe den billig, men der vart mykje grunnarbeid. Først ei voldsom utgraving, og så har dei fylt på lass etter lass med stein. Men sjå kor fint der er blitt. Det er utrulig kor flinke dei har blitt med gravemaskin og muring. Ho som skal bu der med mann og barn er ein tidlegare elev. Vi synest det er artig å følgje med på byggeprosjekt.

Då vi var tilbake i Starevegen måtte vi ha ein liten stopp ved Sissels hage.Den er verd eit kapittel for seg, men det får bli ein annan dag.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Sissels hage er ein glimrande idé til eit blogginnlegg!

Elin sa...

Gledar meg, legg ved eit bilete av henne og, og hels frå meg!

Besta sa...

Sissel er litt vanskelig å få tak i for tida, men eg får gjere eit framstøt. Ho held på å oppdra ein heilt ny kvelp etter at den gale hunden døde for vel eit halvt år sidan.

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...