mandag, juli 26, 2010

Vermelding 26.juli 2010

Klokka er ca 12.00. Temperaturen + 22 grader. Sist natt regna det, og det er framleis overskya, men eg trur det vil lette etter kvart. Når eg tek bilde i hagen leitar eg opp det som ser bra ut, heilheita er nok litt annleis. Ingen ting er slik det skal vere i hagen i år, men det kjem seg litt etter litt.
Eg er litt irritert over meg sjølv at eg ikkje har skrive ned namnet på rosene. Eg trur eg skal hugse det, men det er heilt fåfengt. Meiner at dei rosa botndekkande rosene heiter Bonica eller noko slikt?



Attmed kjellardøra har vi denne raude rosa som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på.
Den gule stauden heiter Nattlys og ber namnet sitt med rette.Den lyser verkelig i mørket.
Margrete og Rasmus med fam. har funne kvarandre i Sverige, dei var i alle fall i lag i går. Elles var det ein litt trist dag både for den eine og den andre. Amanda fekk melding frå ho som passa kaninen hennar om at den var død. Og på Hareid var det sorg over kaninen Nusse som også døde. Olaug har stelt veldig mykje med han og han var svært tam. Heldigvis har ho også kaninen Marlon og katten Lucy å stelle med.
Nils styrer med diverse gjeremål i garasjen og ute, mens eg har brød-bakedag.
Har fått dei første tre brøda i omnen og har to deigar ståande, dei blir vel meir enn nok heva, vil eg tru.
Til middag i dag skal vi ha kald, kokt makrell. Nils fiska frå land i går.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Trasig når kjæledyra seier takk for seg - også for den som er dyrepassar i sommarferien. Eg har prestert å mista både akvariefiskane til Stig og marsvinet til Kristoffer som eg passa. Kaninene til Kristine overlevde, men er borte no.
Fine dagar her i Alleen også. Vi puslar litt både ute og inne. Audny er heime i ferien, så vi har koselege besøk av henne og Viktor i hagestova. Dei skal på fleire stemner seinare med hestevogn etc.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...