mandag, mai 24, 2010

Vermelding 24.mai 2010

Klokka er snart 14.30.Temperaturen er + 11 grader, og som de ser ligg det skodde ned i Vallahornet, men det regnar ikkje noko særlig.
Det er surt og kaldt å vere ute, så vi held oss mest inne og fyrer i omnen.For å gjere litt til nytte, har eg vaska og rydda kjøleskapet. Til middag skal vi ha restar av hjortegryte. I fjor i pinsa hadde vi ein fin biltur, men fordelen med å vere pensjo er at vi kan ta slike turar om det ikkje er helg. Denne veka ventar vi Audun innover, han skal hjelpe NIls med vedhogst.Trur ikkje eg er til så mykje hjelp til slikt arbeid akkurat no, men eg kan no passe på å fore arbeidsmennene godt i alle fall. 

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er kanskje kjekkare å ta seg turar når butikkane er opne også?
Eg trur Audun er litt matlei, av sin eigen mat ...

Besta sa...

Du får oppmode han om å seie kva han har lyst på, det er ikkje så greitt for meg å vite kva han likar.Reknar med at Pizza Grandiosa ikkje står så høgt på lista.Elles har vi eit relativt bra utval av fisk og kjøt.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...