mandag, mai 24, 2010

Bok nr.27 - 2010: Broene i Madison County

Når det gjeld Broene i Madison County er vel filmen meir kjend enn boka. Men sidan eg ikkje har sett filmen, kunne det vere OK å lese boka, tenkte eg. Den var på berre 4 CD-ar, så det gikk relativt raskt. Det er ei fin og romantisk bok av den gammaldagse typen der kvinna  i romanen må velje mellom plikt og stormande forelsking.No har eg presisert at eg ikkje er nokon romantikar, men denne boka hadde noko udefinerbart over seg i all si enkelheit. Sidan eg veit kven som spelar rollene i filmen, var det lett å sjå hovudpersonane for seg også.
Eg likte boka godt, fordi den hadde denne underliggande nerven, eller kva eg skal kalle det. Ikkje alt blir sagt eller fortalt, likevel forstår ein korleis personane tenkjer og føler. Den er romantisk og vakker, litt sentimental også, men på ein fin måte.
Eg skal gjere alvor av å sjå filmen.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Har vel sett filmen eit par gonger, ein klassiker, så den må du sjå!

Besta sa...

Ja, denne MÅ eg sjå. Viss filmen er like vakker som boka, er den vel verdt det.

arieldog sa...

Gled deg! Filmen er veldig god.

Elin sa...

Filmen er noko av det skjønnaste! Heilt fantastisk. Har ikkje lese boka.

Besta sa...

Har lånt filmen på biblioteket, så gjeld det å få huset for seg sjølv ei stund.......

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...