søndag, mai 23, 2010

Vermelding 23.mai 2010

Klokka er 13.30. Det er + 11 grader C og skodda ligg midt ned i fjellsidene.Det er nokre regndropar i lufta også. Eg vurderer å ta fram att ulltrøya, for heile kroppen verker både dag og natt.
Men plommetrea har endelig begynt å blomstre litt og sukkerertene spirar, så det er håp for alt.
Føremiddagen i dag har gått til laging av fiskekaker, til tross for at det er pinsehelg. Slik er det når ein driv sjølvforsyningshushald i stor stil. Laga kaker av 3 kilo malen fisk, så det er ikkje all verda. Etterpå laga eg den retten som vi kallar "søndagssei" og som vi skal ha til middag.
Margrete var så vidt innfor døra og henta jakkene som dei to yngste gløymde att før i veka, dei skulle til Herøy gard og sjå på noko vikinggreier. Eirik skulle på fotballkamp i dag også, så han var ikkje med.
Blei litt misunnelig då eg fekk bilde frå Kongsberg i går som viser eit heilt anna verlag enn det vi har.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, det er nok giktver med denne skodda, men det snur vel snart får vi håpe.
Ein sydentur hadde sikkert gjort seg, men litt seint no når vi trur det går mot varmare tider.

Besta sa...

Eg har meir lyst til Island og legge meg i ei varm kjelde-men kanskje eg kan kjøpe ein stamp. Ventar på å få høyre om stampebad hjelper for vonde kroppar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...