lørdag, mai 22, 2010

Klokka er 11.45, temperaturen + 13 grader og det regnar. Skodda ligg nesten heilt ned på jorda, men eg har ei von om at det skal bli betre. I går prøvde eg å rydde i bedet ved garasjen, men det skulle eg aldri ha gjort. Ryggen gikk AV og det vart verking til langt på natt. Eg lærer aldri. Bildet er ikkje godt, men der står nokre fine rosaraude tulipanar som eg planta sist haust. Nils klipte plenen og då såg det bra ut til tross for eit halvrydda bed.
No skal vi ha oss ein liten tur ned på Amfi og handle inn til helga, det blir vel helst mat.                       
                          Vil ønske alle blogglesarane ei god pinsehelg.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Synd med ryggen, kjedeleg! Men håper de likevel får ei fin pinsehelg! Eg skal på Eid og handle litt og, kanskje litt garn til og med!

Hildegard sa...

Kjekt å stelle litt ute i hagen.
I dag har eg vore på gartneriet og kjøpt plantar og mold til veranda-kassene.

Besta sa...

Vi må nok satse meir på kasser og krukker, og elles plante buskar og tre, sidan eg ikkje greier så godt lukinga og Nils har så mykje anna å styre med. Det går vel bra?

Wenche sa...

Her er det kjempevarmt, og vi har 3ekstra gutter som leiker med en spyttende hagesprederorm som jeg har glømt hva kalles. Dessuten så fant de en mosehaug som ikke har blitt kjørt bort så det ble hele nabolaget i dusjen etterpå. Vi trur tordenværet kommer på Kongsberg i kveld også.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...