fredag, mai 21, 2010

Vermelding 21.mai 2010

Klokka er ca 12, temperaturen er + 18 grader og det er knapt ei sky på himmelen.Finare kan det ikkje bli!
Nils var oppe i gryotta og for på sjøen. Han hadde ute line + at han fiska med snøre. Fangsten vart ikkje av dei aller største, men rikelig til oss og litt til naboen.Han fekk lange, brosme, sei, lyr og ein liten torsk som vi to skal ha til middag i dag.
Eg har vore ute og prøvd å reinske i blomsterbeddet ved garasjen, men eg må heile tida passe på ryggen, så eg får ikkje gjort all verda. Dessutan kjem det kjentfolk forbi på vegen- og det er koselig med ein prat. Det skal visst skye over seinare, så då får vi ta oss ein raptus, no skal eg ut på altanen og nyte sola.
Og så må eg hugse å sjå etter dompap-paret som var i plommetreet i går og åt solsikkefrø som Nils har plassert i ei plastkanne der. Trur det er første gongen eg har sett dompap i hagen på denne årstida.
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja, det har vore nokre fine dagar. Vi reiste på hytta igjen på onsdag og kom inn att i dag. Vi er ferdige med beisinga, minst to strøk, så det må vel halde ei stund.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...