torsdag, mai 20, 2010

Vermelding 20.mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen + 16 grader C, det er lettskya og sol.
Tidlegare i dag kom skodda sigande og låg heilt ned, så det er vel restar av den som ligg og kjøler ned, for det er langt frå så varmt som i går. Får håpe det kjem seg.
Nils sløyfa fisketur i dag for å prøve å bli ferdig med hageprosjekta sine. Han driv og soldar mold og legg utover der det trengst, t.d. på muren ned mot naboen,der vi tok vekk alle grantrea.Det kjem seg litt etter kvart.
Skilnaden på oss to er at alle ser kva han gjer, men ingen, absolutt ingen, ser at eg har rydda, vaska, støvsuga og you name it -INNE. Det er slik med husarbeid, ingen legg merke til at det blir gjort, men fleire ville nok reagert om det ikkje vart det. No høyrest eg kanskje litt bitter ut, men det er eg ikkje. Eg er tvertimot GLAD for at eg greier å gjere såpass.
No skal eg snart legge meg på utesenga mi på altanen. Altanen er forresten også fin og nyvaska. Det var eit fellesprosjekt med skuring og spyling som gikk av stabelen i går kveld.Ha ein god dag!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...