søndag, mai 09, 2010

Bok nr.24 - 2010: Barnepiken

Handlinga i denne boka er lagt til byen Jackson i Mississippi USA først på 1960-talet.Alle dei velståande kvite menneska i byen har ei svart hushjelp som gjer det meste av husarbeidet og tek seg av barna i familien.
Det er tre forteljestemmer i boka, to svare hushjelper og ei ung kvit kvinne som er nyutdanna journalist.Det er tre ulike personar som les "rollene" og det er inga sak å halde dei frå kvarandre. Boka handlar mest om det ofte vanskelige forholdet mellom dei kvite og dei svarte, men også om sympati og antipati på tvers av rasegrensene.Eg måtte spørje meg sjølv meir enn ein gong om folk kunne vere så forstokka i USA så seint som på 60-talet.Meir vil eg ikkje skrive om innhaldet.(De kan forstørre og lese på omslaget.)
Boka er perfekt som lydbok, ingen problem med å halde orden verken på folk eller handling.
Boka er veldig lettlesen, språket er enkelt og ukomplisert på alle måtar, likevel blir det ikkje banalt. Eg har likt å lese denne boka av mange grunnar, mest fordi den handlar om menneske og deira følelsar i ulike situasjonar.Det kunne lett blitt sentimentalt, men forfattaren balanserer akkurat på kanten der.
Eg vil våge å påstå at dette er ei typisk damebok som mange vil like å lese.
Forfattaren kjem med eit etterord som forklarer kvifor ho skreiv boka.
NB: Eg har ikkje googla boka, vil gjerne beholde mi eiga meining om den.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...