søndag, mai 09, 2010

Vermelding 9.mai 2010

Klokka er 12.30. Det er overskya og temperaturen er + 8 grader. Då vi stod opp i dag skein sola, men det varte ikkje så lenge,dessverre.
I dag kom Nils med 3 kilo malen fisk som han ville eg skulle lage fiskebollar av. Eg gjorde det, under tvil. Likar best å bruke foodprosessoren og få litt meir finmalen farse til bollar, men det tykte han ikkje var så nøye. Så blei det slik. Sidan det var litt småsei i lag med, vart bollane litt grå, men kjenner eg pensjonistane rett, går det meste ned på høgkant.Lagar kvit saus med løk og paprika til, så blir det bra.
Sidan eg først hadde rota til heile kjøkkenet, tok eg like godt å laga ei gulrotkake i same slengen. Det nærmar seg litt av ein geburtsdags-sesong i familien; den varer frå 29.mai -3.juli.Så det kan vere greitt å ha litt på lur.
På bildet kan de kanskje sjå at båtvogna står lasta med hageavfall. Vanlegvis plar vi male kvist og kvas på kompostkvern, men nok er nok, og tørre grankvistar noko herk. Så denne gongen blir det å levere på VØR (Volda-Ørsta-Reinhald). Spørsmålet er om ikkje den brune kjeglegrana skal få ein plass oppå lasset. Trur neppe den vaknar til live igjen.Elles oppdaga Nils ein syndar i jordbæråkeren i dag, ei kråke hadde begynt å grave opp plantane.
Det er heilt stille i gata i dag.Folk er anten i konfirmasjon eller dei er vekkreiste. Dei som er heime, held seg inne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...