Klokka er snart 12, ute er det lettskya og + 8 grader.Tidlegare var det full sol, men det skyar visst meir og meir over.
Det første Nils gjorde i dag var å dra den døde grana opp med rota, og så kjørte han på VØR med eit heilt lass hageavfall. Der var det kø, så det var vel fleire som hadde rydda i hagen i helga.
Eg driv og bakar til frysaren, greitt å ha litt på lur. Tenkte eg skulle rote ferdig før eg rydda skikkelig på kjøkkenet.
Så håper eg at veret held seg så bra at eg kan hjelpe til å rydde litt ute. Fekk endelig planta i kjøkkenkassene på laurdag. Det blei berre stemors i år, men så får eg putte nokre blomkarsefrø ned med kanten, slik at der er noko som blomstrar til hausten også.
2 kommentarer:
Eg tok fram att vinterjakka i dag tidleg ...
Eg har ikkje tatt i bruk sommarjakka enno. Men sjekk temperaturane i Nord-Norge!
Legg inn en kommentar