mandag, mars 22, 2010

Vermelding 22.mars 2010.

Klokka er 12.15, temperaturen er + 8 grader C. Vi har oppdaga at termometeret på kjøkkenveggen er heilt feil, så no les eg av på trappa.Det kan såleis hende at temperaturane eg har referert til før, har vore litt for låge. Det er overskya og meir råkaldt i dag enn i går.
Då låg eg faktisk og sola meg på altanen ei god stund. Ja, det var no ikkje stort meir enn ansiktet som stakk opp frå alle teppa.
Nils held på å gjere seg klar til å fare på sjøen og sette ut snikar. Han vil ikkje fare for langt frå land denne gongen, i tilfelle han må ro inn att.Eg skulle ønske han kom heim med ein fin torsk med lever og rogn, det har vi ikkje hatt på fleire år.
Klokka 17.00:Den heilt store fangsten blei det ikkje, og ikkje torsk, men vi har då middag nokre dagar. I dag skal vi koke oss fersk småsei, det er også god mat!
Han tok ikkje båten med heim i dag, men la den i hamna. Han måtte knuse noko is for å få den på plass.
No er det lettare skydekke enn før i dag, og sola er framme innimellom.

4 kommentarer:

Bjørg sa...

Hans er imponert over kor flittig Nils er på sjøen!
Vi strevar og et på fisken frå i fjor. Det er mykje att i frysaren. Må prøve å få unna noko når påskegjestene er her.
Vi får 11 påskegjester. (Kari- og Elinfam. Pluss Asle si Eili.

Besta sa...

Nils likar å fiske. Og så gir han bort mykje til ungane, naboane etc. Sjølve var vi heilt lens, og det er bra, for eg er ikkje så begeistra for "gammal" fisk. Likar i grunnen best fisk og fiskemat FØR det har vore i frysaren.

Hildegard sa...

Eg vil tru at seien, som vel er ein mager fisk, held seg bra i frysaren. I går hadde vi seibiff med løk og det smaka godt. Synes også at han eignar seg godt til fiskegryte. Trasig at de skulle bli fiskelause, men kven kunne tru at vi skulle få ein slik snøvinter.
Hugs å ha ull nærast kroppen når du ligg ute + ei varm lue!
Eidabesta

Besta sa...

Vi har ikkje vore fiskelause særlig lenge!
Nils har lettare for å sveitte enn for å fryse, og når han må ro held han i alle fall varmen. Han går alltid i ull, og med dynejakke utanpå blir det meir enn varmt nok. Tova ullvottar og ditto hue har han og!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...