mandag, februar 22, 2010

Vermelding 22. februar 2010.

Klokka 12.00 i dag var temperaturen minus 7-8 grader. Himmelen er klår og sola skin, det er som om godveret aldri vil ta slutt. Skulle så gjerne vore ute ein tur, men dessverre fekk eg eit lite "tilbakefall" etter at eg var ute og gikk i går, så i dag må eg halde meg i ro inne. Kjem til å få besøk av Eidabesta og -besten i dag, sidan dei er ein tur i Ålesund, eller "Bya" som det heiter her.

3 kommentarer:

solveig sa...

Her er same temperatur, og det ser så fint ut. Men ein iskald vind gjer at ein får naglebit om ein ikkje har på seg vottar når ein går mellom butikkane.

STRIKKEMOR(O) sa...

Flott vinterferiever, men litt for kaldt!

Besta sa...

Sidan eg er inne og sola skin inn glaset, har eg det direkte heitt!

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...