torsdag, januar 28, 2010

Vermelding 28.januar 2010


Denne bloggen min liknar meir og meir på yr.no- men har eg sagt A får eg også seie B.
Med andre ord : Det blir vermelding! Kvar dag.
I dag klokka 12.00 var temperaturen 0 grader C, og då var det opplett.No ser eg skinet av sola over Melshornet. Men i går kveld og i natt har det kome meir snø- mykje meir, så Nils har full jobb med å mòke.
Eg tek helgavasken inne; til eldre ein blir, til tidlegare må ein starte opp for å komme i mål.
Elles er det litt av kvart anna også som må gjerast. " En husmor har aldri fri," som bestemor sa.

                                              
                                                      Melshornet klokka 12.45

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi har same veret her. I går var det så skite, så det gjorde godt med noko kvitt oppå.

solveig sa...

Vermeldinga di kan no glede folk frå Sunnmøre i Syden!

Besta sa...

Ja, dei har rett og slett bede om at eg må halde fram med den.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...