torsdag, desember 10, 2009

Juleførebuingar 1.


Vi bur oss til høgtida på ulike vis. Far i huset har teke båten på land, vaska den grundig og pakka den inn for vinteren.Den står ikkje på vogna, men han vonar på fint ver når det lid ut i januar slik at han får fiske meir. Det er lett å dra båten på snø når ikkje vogna er med, nemlig. Vi var inne på tanken om å bruke båten til pulk viss det kom snø, eller skal vi heller pynte den med girlander av lyspærer? Uff! Det er visst ikkje klimavennlig ein gong.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja no er det mørke, lange netter og korte dagar. Godt å ha rydda opp og fått ting på plass før snøen kjem.
God helg!
Eidabesta

Dagbok 9.september 2026

 Klokka er no17.40, temperaturen ute er  +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...