mandag, desember 14, 2009

Juleførebuingar 2




Kor mange fryserar har du? Vi har 4, medrekna dei tre skuffene nedst i kjøleskapet. Og vi er to personar.Kjekt å ha, med andre ord, når jula står for døra og ein lagar litt av kvart som ein puttar til sides, og handlar både det eine og det andre som kan kome vel med om det kjem eit menneske.
Men kva skjer? Frysarane er breiddfulle frå før, og det er ikkje råd å lure nedi eit einaste lite julebrød ein gong.Så i dag vart det operasjon "Gi plass i fysaren" som gikk av stabelen her i heimen. Fire kilo plommer frå sist haust vart sylta og hatt på glas. Heldigvis hadde eg gjort dei gryteklare før eg fraus dei, så den jobben var lett. Så fann vi to plastdunkar med sur saft frå i fjor haust, som vart tint, kokt søt og hatt på flasker.Ni liter vart det. No får vi plass til kasserollen med kjøtet eg steikte i går!Hurra!
I kjøleskapfrysaren fann eg mellom anna rester av brunost som eg puttar dit når vi ikkje et meir av DEN osten, og no driv eg og kokar prim.Eg puttar osten + søt melk i kasserollen, let osten smelte og kokar blandinga inn litt før eg jamnar med semulegryn(har funne ut at det funkar betre enn maisenna eller kveitemjøl).Brukar å ha i litt søtt, i dag vart det lønnesirup og brunsukker. Eg kokar "grauten" lenge og vel til eg ikkje ser att eit einaste gryn.Denne primen er det ein i storfamilien som er veldig glad i, Nils seier ikkje nei takk han heller.
Slik går no dagane -vi finn alltid meir enn nok å bruke tida vår på.
PS: Glaset til te-lys har Margrete kjøpt til oss i Praha.

9 kommentarer:

solveig sa...

Som kjendt har eg og to frysarar som er nesten alltid fulle. Pappa pressa meg til å ete ut or dei i haust slik at han kunne gje oss fisk :-)) No har vi vore flinke vidare og. Men så fylte vi opp med mor og is(kupp). Eg laga plommesylte og angra, for eg fekk så lyst på hermetiske plommer. Men litt lengre ned i frysaren fann eg fleire..........

Besta sa...

Fann ein pose til med plommer i frysaren etter at alt var rydda vekk, dei får ligge til neste gong. Dei plommene vi fekk sist haust egna seg berre til sylte, skal ein hermetisere må ein ha "penare" frukt.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

Eg tenkte berre sånn snarhermetisering. Eg det ikkje 300 g sukker på 1/2 l vatn, koke litt og lat det stå i 3 dagar?

Besta sa...

Har ikkje peiling, for å seie det rett ut.Men du finn vel ei oppskrift?

solveig sa...

Spør pappa! Han forklarte meg det ein gong han hadde laga.

Besta sa...

Har HAN laga hermetiske plommer? EG har laga, men går ikkje rundt og hugsar på sukkermengder.

Bjørg sa...

Eg er imponert over alt du har gjort!
Vi har og fullt i frysaren, (har to). Ser fram til at besøket i jula vil få det til å minke.

bodilingeborg sa...

Fint å tine av frysaren også når det er frost ute, kan berre setje ut det ein ikkje vil kaste eller nytte seg av straks mens frysaren tinar?
Eidabesta

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...